Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 24:25-42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Vi har fullt opp av halm og fôr,» sa ho, «og husrom har vi òg.»

26. Då bøygde mannen seg til jorda, tilbad Herren

27. og sa: «Lova vere Herren, Gud åt Abraham, husbonden min, som ikkje har teke si miskunn og sin truskap frå husbonden min! Herren har ført meg rette vegen til frendane åt husbonden min.»

28. Jenta sprang heim til mor si og fortalde alt dette.

29. Rebekka hadde ein bror som heitte Laban. Han sprang ut til mannen attmed kjelda.

30. For då han fekk sjå ringen og armbanda som systera hadde på seg, og då han høyrde henne fortelja kva mannen hadde sagt, gjekk han ut til mannen. Og sjå, der stod han hjå kamelane attmed kjelda.

31. Då sa Laban: «Kom inn, du som er velsigna av Herren! Kvifor står du her ute? Eg har fjelga i huset og stelt til rom åt kamelane.»

32. Så gjekk mannen inn i huset og kløvja av kamelane. Laban henta halm og fôr til dyra og vatn til mannen og dei som var med han, så dei kunne vaska føtene.

33. Så sette dei fram mat for han; men han sa: «Nei, eg vil ikkje eta før eg har bore fram ærendet mitt.» Dei svara: «Sei fram!»

34. Då sa han: Eg er trælen åt Abraham.

35. Herren har storleg velsigna husbonden min, så han har vorte rik. Han har gjeve han småfe og storfe, sølv og gull, trælar og trælkvinner, kamelar og esel.

36. Og Sara, kona åt husbonden min, har fått ein son på sine gamle dagar; og alt det han eig, har han gjeve sonen.

37. No har husbonden min teke meg i eid og sagt: «Du skal ikkje finna ei kone til son min mellom dei unge jentene i Kanaan, det landet eg bur i.

38. Men til farshuset og folket mitt skal du fara og finna ei kone til son min.»

39. Då sa eg til husbonden min: «Men om no jenta ikkje vil fylgja meg?»

40. Han svara: «Eg har ferdast for Herrens åsyn. Han skal senda sin engel med deg og la ferda di lukkast, så du finn ei kone til son min i mitt eige folk og farshus.

41. Når du kjem til folket mitt, skal du vera løyst frå eiden du har svore meg. Jamvel om dei ikkje vil la deg få henne, skal du vera løyst frå eiden.»

42. Då eg kom til kjelda i dag, sa eg: «Herre, Gud åt Abraham, husbonden min! Gjev du må la ferda mi lukkast!

Les hele kapitlet 1. Mosebok 24