Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 24:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Abraham var no gamal og langt oppi åra, og Herren hadde velsigna han i eitt og alt.

2. Då sa Abraham til den eldste trælen i huset, han som styrte med alt det han åtte: «Legg handa di i fanget mitt,

3. så vil eg ta deg i eid ved Herren, som er Gud i himmelen og på jorda, at du ikkje finn ei kone til son min mellom døtrene åt kanaanearane, som eg bur i lag med.

4. Men til mitt eige land og folk skal du fara og henta ei kone til Isak, son min.»

5. Trælen sa til han: «Men om no jenta ikkje vil fylgja meg hit til landet, skal eg då ta son din attende til det landet du er komen frå?»

6. Abraham svara: «Ta deg i vare så du ikkje fer dit att med son min!

7. Herren, Gud i himmelen, som tok meg bort frå farshuset og fedrelandet mitt, han som tala til meg og svor at han ville gje mi ætt dette landet, han skal senda engelen sin framføre deg, så du finn ei kone til son min der.

8. Men vil ikkje jenta fylgja deg, skal du vera løyst frå eiden. Far berre ikkje dit att med son min!»

9. Då la trælen handa si i fanget åt Abraham, herren sin, og svor på det.

10. Så tok han ti av kamelane åt husbonden sin og gav seg i veg, og alle slag gilde ting hadde han med frå herren sin. Han tok ut og kom til Mesopotamia, til byen der Nakor budde.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 24