Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 23:6-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. «Høyr her, herre! Du er ein Guds hovding mellom oss. I den beste av gravene våre kan du jorda kona di. Ingen av oss skal nekta deg ei grav til å leggja henne i.»

7. Då reiste Abraham seg, bøygde seg for hetittane som budde i landet,

8. og sa til dei: «Samtykkjer de i at eg ber ut den døde kona mi og gravlegg henne, så høyr på meg! Legg inn eit godt ord for meg hjå Efron, son til Sohar,

9. så han lèt meg få Makpela-hola, som høyrer han til og ligg i utkanten av jordet hans. Han skal få full betaling om han her midt imellom dykk gjev meg hola til eigande gravstad.»

10. No sat Efron der mellom hetittane; og han svara Abraham så dei høyrde det, alle hetittane som var komne til byporten:

11. «Nei, høyr her, herre! Eg gjev deg jordstykket og hola som er der. For augo på landsmennene mine lèt eg deg få henne. Gravlegg den døde kona di!»

12. Då bøygde Abraham seg for folket i landet

13. og sa til Efron, så landsmennene hans høyrde det: «Gjev du ville høyra på meg! Eg betaler deg det som jordet er verdt. Ta imot pengane av meg! Så vil eg gravleggja kona mi der.»

14. Efron svara Abraham:

15. «Høyr her, herre! Eit jordstykke som er verdt 400 sekel sølv, kva er det mellom deg og meg? Gravlegg kona di, du!»

16. Abraham skjøna kva Efron meinte, og vog opp til han det sølvet han hadde nemnt medan hetittane høyrde på, 400 sekel, av det slaget dei brukar i handel.

17. Så vart Efrons jorde, som ligg attmed Makpela, austanfor Mamre, skøytt til Abraham. Han fekk både jordet og hola, og alle trea som voks på jordet, så langt det rakk til alle kantar.

18. Det var dei vitne til, alle hetittane som var komne til porten i byen der Efron budde.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 23