Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 22:11-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Då ropa Herrens engel til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.»

12. Då sa engelen: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du har age for Gud, sidan du ikkje eingong sparte einaste son din for meg.»

13. Då Abraham såg opp, fekk han auga på ein ver, som hang fast etter horna i kjerret bak han. Så gjekk han bort og tok veren og ofra han som brennoffer i staden for son sin.

14. Og Abraham kalla den staden «Herren ser». Og den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.»

15. Endå ein gong ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen

16. og sa: «Eg sver ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte einaste son din,

Les hele kapitlet 1. Mosebok 22