Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 21:22-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. På den tid hende det at Abimelek og Pikol, hærføraren hans, sa til Abraham: «Gud er med deg i alt det du gjer.

23. Sver no ved Gud at du ikkje vil fara med svik mot meg eller mot borna og etterkomarane mine! Liksom eg har gjort vel imot deg, skal du gjera vel imot meg og det landet du har fått tilhald i.»

24. Abraham svara: «Ja, det skal eg sverja på.»

25. Abraham kravde Abimelek til rekneskap for ein brunn som trælane åt Abimelek hadde rana til seg.

26. Men Abimelek sa: «Eg veit ikkje kven som har gjort dette. Du har ikkje sagt meg det, og eg har ikkje høyrt om det før i dag.»

27. Då tok Abraham småfe og storfe og gav Abimelek, og dei gjorde ei pakt med einannan.

28. Men Abraham sette sju av lamma for seg sjølve.

29. Då sa Abimelek til han: «Kvifor har du sett desse sju lamma for seg sjølve?»

30. Han svara: «Desse sju lamma skal du ha av meg; det skal vera eit vitnemål om at eg har grave denne brunnen.»

31. Difor kalla dei den staden Be’er-Sjeba; for der gjorde dei eiden, dei to.

32. Då dei hadde gjort pakt i Be’er-Sjeba, tok Abimelek og Pikol, hærføraren hans, ut og fór heim att til Filistarlandet.

33. Abraham planta ei tamariske i Be’er-Sjeba, og der kalla han på Herren, den evige Gud.

34. Og Abraham heldt lenge til i Filistarlandet.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 21