Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 2:16-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Og Herren Gud gav mannen dette påbodet: «Du kan gjerne eta av alle trea i hagen.

17. Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.»

18. Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mannen å vera åleine. Eg vil gje han ei hjelp som svarar til han.»

19. Og Herren Gud tok jord og skapte alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen, og han leidde dei fram til mannen og ville sjå kva han kalla dei. Det mannen kalla kvar levande skapning, det skulle han heita.

20. Så sette mannen namn på alt feet, alle fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men for seg sjølv fann han inga hjelp som svara til han.

21. Så lét Herren Gud ein tung svevn koma over mannen. Og medan han sov, tok han eit av sidebeina hans og fylte att med kjøt.

22. Av det sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han leidde henne bort til han.

23. Då sa mannen: «Dette er då bein av mine beinog kjøt av mitt kjøt.Ho skal kallast kvinne,for ho er teken av ein mann.»

24. Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.

25. Dei var nakne, både mannen og kona hans, og dei blygdest ikkje.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 2