Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 19:14-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Då gjekk Lot ut og sa frå til versønene sine, dei som skulle ha døtrene hans. «Stå opp og kom dykk bort frå denne staden,» sa han; «for no vil Herren øydeleggja byen!» Men versønene trudde at han skjemta med dei.

15. Då det tok til å dagast, skunda englane på Lot og sa: «Stå opp, ta kona di og dei to døtrene dine som er her, så de ikkje skal missa livet for alt det vonde skuld som er gjort i denne byen!»

16. Men då han drygde, tok mennene både han og kona hans og dei to døtrene hans i handa og leidde han til ein trygg stad utanfor byen. For Herren ville spara han.

17. Då dei var utom byen komne, sa ein av mennene: «Røm for livet! Sjå deg ikkje tilbake, og stogga ikkje nokon stad på sletta! Røm til fjells; elles vert du riven bort!»

18. Men Lot svara: «Å nei, herre!

19. Tenaren din har då funne nåde hjå deg. Stor er den truskap du har vist meg med di du berga livet mitt. Men eg kan ikkje røma til fjells; for då kunne ulukka nå meg, så eg laut døy.

20. Sjå, den byen der ligg så nær at eg kan røma dit; store staden er det ikkje. Kjære, lat meg få røma dit – han er då så liten – så eg kan berga livet!»

21. Då sa han: «Ja, eg gjer deg til viljes i dette òg; eg skal ikkje øydeleggja den byen du nemner.

22. Skunda deg og røm dit! For eg kan ingenting gjera før du er framkomen.» – Difor kallar dei den byen Soar.

23. Då sola rann over landet, kom Lot fram til Soar.

24. Då lét Herren det regna svovel og eld over Sodoma og Gomorra – ned frå Herren, frå himmelen.

25. Han øydela desse byane og heile sletta, alle som budde i byane, og alt som voks på marka.

26. Men kona hans Lot såg seg tilbake. Då vart ho til ein saltstein.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 19