Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 19:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dei to englane kom til Sodoma om kvelden, medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå dei, reiste han seg og gjekk imot dei, bøygde seg til jorda

2. og sa: «Gode herrar, ver med tenaren dykkar heim, gjev dykk til der i natt og vaska føtene! Så kan de stå tidleg opp i morgon og ta i veg att.» Dei svara: «Nei, vi vil vera ute på torget i natt.»

3. Men han nøydde dei så hardt at dei vart med han. Og då dei kom inn i huset, laga han til eit måltid for dei. Han baka usyrt brød, og dei åt.

4. Men før dei hadde lagt seg, kom folket i byen, mennene i Sodoma, unge og gamle, kvar einaste mann, og slo ring om huset.

5. Dei ropa på Lot og sa til han: «Kvar er dei mennene som kom til deg i natt? Lat dei koma ut til oss, så vi kan få vår vilje med dei!»

6. Då gjekk Lot ut i døra til dei, stengde henne etter seg

7. og sa: «Kjære brør, gjer ikkje slik ei ugjerning!

Les hele kapitlet 1. Mosebok 19