Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 17:9-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Så sa Gud til Abraham: «Du skal halda pakta mi, både du og etterkomarane dine, frå ættled til ættled.

10. Dette er pakta de skal halda, pakta mellom meg og dykk og etterkomarane dine: Alle menn og gutar hjå dykk skal omskjerast.

11. De skal la førehuda dykkar verta avskoren, og det skal vera teiknet på pakta mellom meg og dykk.

12. I ætt etter ætt skal kvart gutebarn hjå dykk omskjerast når det er åtte dagar gamalt, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar hjå framande, som ikkje er av di ætt.

13. Omskjerast skal både dei som er fødde i huset ditt, og dei du har kjøpt for pengar. Såleis skal pakta mi syna seg på kroppen deira, ei evig pakt.

14. Men den som ikkje er omskoren, den som ikkje har fått førehuda avskoren, den mannen skal rydjast ut or folket sitt; for han har brote mi pakt.»

15. Og Gud sa til Abraham: «Sarai, kona di, skal du ikkje lenger kalla Sarai; Sara skal ho heita.

16. Eg vil velsigna henne og gje deg ein son med henne òg. Ja, eg vil velsigna henne, og ho skal verta mor til mange folk; kongar over folkeslag skal ættast frå henne.»

17. Då kasta Abraham seg til jorda og lo. Og han sa med seg sjølv: «Kan ein mann som er hundre år, få barn? Og Sara, som er nitti år, kan ho verta mor?»

18. Og Abraham sa til Gud: «Gjev Ismael må få leva for ditt åsyn!»

19. Men Gud sa: «Nei, Sara, kona di, skal få ein son, og du skal kalla han Isak. Eg vil gjera mi pakt med han, ei evig pakt for ætta hans etter han.

20. Og bøna di for Ismael har eg høyrt. Eg vil velsigna han og la han få mange etterkomarar og ei stor ætt. Tolv hovdingar skal han verta far til, og eg vil gjera han til eit stort folk.

21. Men pakta mi vil eg gjera med Isak, som Sara skal få til års på denne tid.»

22. Då Gud var ferdig med å tala til Abraham, fór han opp frå han.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 17