Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 17:22-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Då Gud var ferdig med å tala til Abraham, fór han opp frå han.

23. Same dagen tok Abraham Ismael, son sin, og alle mennene i huset sitt, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte for pengar, og skar av førehuda på dei, som Gud hadde sagt.

24. Abraham var 99 år gamal då han vart omskoren.

25. Og Ismael, son hans, var 13 år då han vart omskoren.

26. Same dagen vart dei omskorne, Abraham og Ismael, son hans.

27. Og alle mennene i huset hans, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte hjå framande, vart omskorne saman med han.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 17