Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 17:20-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Og bøna di for Ismael har eg høyrt. Eg vil velsigna han og la han få mange etterkomarar og ei stor ætt. Tolv hovdingar skal han verta far til, og eg vil gjera han til eit stort folk.

21. Men pakta mi vil eg gjera med Isak, som Sara skal få til års på denne tid.»

22. Då Gud var ferdig med å tala til Abraham, fór han opp frå han.

23. Same dagen tok Abraham Ismael, son sin, og alle mennene i huset sitt, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte for pengar, og skar av førehuda på dei, som Gud hadde sagt.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 17