Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 16:6-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Då sa Abram til Sarai: «Du rår sjølv over trælkvinna di. Gjer med henne som du synest!» Sidan var Sarai hard med henne; og ho rømde sin veg.

7. Herrens engel fann henne attmed ei kjelde i øydemarka, attmed kjelda på vegen til Sjur.

8. Og han sa: «Hagar, trælkvinna hennar Sarai, kvar kjem du frå, og kvar skal du av?» Ho svara: «Eg har rømt frå Sarai, matmor mi.»

9. Då sa Herrens engel til henne: «Gå heim att til matmor di, og bøy deg under handa hennar!»

10. Og han heldt fram: «Stor vil eg gjera ætta di; reint uteljande skal ho verta.»

11. Så sa Herrens engel til henne:«No er du med barn,og du skal få ein son;han skal du kalla Ismael,for Herren har høyrt ¬kva du leid.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 16