Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 16:4-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Han låg med Hagar, og ho vart med barn. Men då ho såg at ho var med barn, vanvørde ho matmor si.

5. Då sa Sarai til Abram: «Du skal svara for den urett eg lid. Eg har sjølv late deg ta trælkvinna mi i fang. Men no, når ho ser at ho er med barn, vanvørder ho meg. Herren skal døma mellom meg og deg!»

6. Då sa Abram til Sarai: «Du rår sjølv over trælkvinna di. Gjer med henne som du synest!» Sidan var Sarai hard med henne; og ho rømde sin veg.

7. Herrens engel fann henne attmed ei kjelde i øydemarka, attmed kjelda på vegen til Sjur.

8. Og han sa: «Hagar, trælkvinna hennar Sarai, kvar kjem du frå, og kvar skal du av?» Ho svara: «Eg har rømt frå Sarai, matmor mi.»

9. Då sa Herrens engel til henne: «Gå heim att til matmor di, og bøy deg under handa hennar!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 16