Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 16:11-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Så sa Herrens engel til henne:«No er du med barn,og du skal få ein son;han skal du kalla Ismael,for Herren har høyrt ¬kva du leid.

12. Han skal verta eit villesel til kar.Hans hand skal vera vend ¬mot alleog alle hender mot han;beint framfor alle sine frendarskal han slå seg ned.»

13. Då kalla ho Herren, som hadde tala til henne: «Du er Gud som ser.» For ho sa: «Kan det vera råd at eg her har sett skimten av han som ser meg?»

14. Difor kallar dei den brunnen Lakai-Ro’i-brunnen. Han ligg mellom Kadesj og Bered.

15. Abram fekk ein son med Hagar, og han kalla sonen som han hadde fått med henne, Ismael.

16. Abram var 86 år gamal då han fekk Ismael med Hagar.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 16