Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 15:11-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Rovfuglar slo ned på dei daude dyra, men Abram jaga dei bort.

12. Då sola heldt på å glada, kom det ein tung svevn på Abram. Redsle kom over han – eit stort mørker.

13. Og Gud sa til han: «Det skal du vita, at etterkomarane dine skal halda til i eit land som ikkje er deira. Dei skal træla for folket der og tola mykje vondt av det i fire hundre år.

14. Men det folket dei må træla for, vil eg òg døma, og sidan skal dei dra ut med mykje gods.

15. Og du skal fara i fred til fedrane dine; i ein god alderdom skal du gå i grav.

16. I fjerde ættleden skal dei koma hit att; for syndeskulda åt amorittane har enno ikkje fylt sitt mål.»

17. Då sola var gladd, og det var stummande mørkt vorte, synte det seg ein rykande omn og ein logande eld som fór fram mellom kjøtstykka.

18. Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sa: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarelva til Storelva, til Eufrat,

19. landet åt kenittane, kenisittane, kadmonittane,

20. hetittane, perisittane, refaittane,

21. amorittane, kanaanearane, girgasjittane og jebusittane.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 15