Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 15:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ei tid etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde så: «Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold; løna di skal verta overlag stor.»

2. Men Abram svara: «Herre, min Gud, kva vil du gje meg? Barnlaus fer eg min veg, og Elieser frå Damaskus skal arva huset mitt.

3. Meg har du ikkje gjeve born,» sa Abram, «og ein træl i huset mitt kjem til å arva meg.»

4. Då kom Herrens ord til Abram, og det lydde så: «Nei, han skal ikkje arva deg, men din eigen son skal verta arvingen din.»

5. Så tok Herren han med seg ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan! Så tallaus skal ætta di verta.»

6. Abram trudde Herren, og difor rekna Herren han for rettferdig.

7. Så sa han til han: «Eg er Herren, som førte deg ut frå Ur i Kaldea og ville gje deg dette landet til eige.»

8. Abram sa: «Herre, min Gud, korleis kan eg vita at eg skal få det til eige?»

9. Då svara han: «Henta meg ei treårs kvige, ei treårs geit og ein treårs ver, ei turteldue og ein dueunge!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 15