Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 14:7-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Så snudde dei og kom til Domskjelda, det er det same som Kadesj. Dei tok heile amalekittlandet og la under seg dei amorittane som budde i Haseson-Tamar.

8. Kongane i Sodoma, Gomorra, Adma, Sebojim og Bela, som no heiter Soar, tok ut og fylka seg til strid mot dei i Siddim-dalen,

9. mot Kedor-Laomer, kongen i Elam, Tidal, kongen over Gojim, Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar, fire kongar mot fem.

10. Men i Siddim-dalen var det fullt av jordbekgruver. Og då kongane i Sodoma og Gomorra laut røma, fall dei ned i gruvene. Dei som var att, rømde til fjells.

11. Så tok fiendane alt godset i Sodoma og Gomorra og all maten deira og drog bort.

12. Og dei tok med seg Lot, brorson til Abram, og alt det han åtte, og drog av stad. Lot budde i Sodoma.

13. Ein av dei som hadde sloppe unna, kom og fortalde dette til Abram, hebrearen. Han budde attmed eikelunden åt amoritten Mamre, bror til Esjkol og Aner. Dei hadde pakt med Abram.

14. Då Abram fekk høyra at frenden hans var fanga, mønstra han alle dei våpenføre mennene som var fødde og fostra i huset hans, 318 i talet, og sette etter kongane heilt til Dan.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 14