Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 14:12-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Og dei tok med seg Lot, brorson til Abram, og alt det han åtte, og drog av stad. Lot budde i Sodoma.

13. Ein av dei som hadde sloppe unna, kom og fortalde dette til Abram, hebrearen. Han budde attmed eikelunden åt amoritten Mamre, bror til Esjkol og Aner. Dei hadde pakt med Abram.

14. Då Abram fekk høyra at frenden hans var fanga, mønstra han alle dei våpenføre mennene som var fødde og fostra i huset hans, 318 i talet, og sette etter kongane heilt til Dan.

15. Der delte han flokken sin og tok på dei om natta. Han vann over dei og forfylgde dei heilt til Hoba, som ligg nordanfor Damaskus.

16. Så tok han att alt godset. Og Lot, frenden sin, og hans gods, tok han òg att, og like eins kvinnene og folket.

17. Etter at Abram hadde vunne over Kedor-Laomer og dei kongane som var med han, tok han på heimveg. Då kom kongen i Sodoma imot han til Slettedalen, som no heiter Kongsdalen.

18. Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest for Den Høgste Gud.

19. Han velsigna Abram og sa:«Velsigna vere Abram ¬av Den Høgste Gud,han som skapte himmel og jord!

20. Lova vere Den Høgste Gud,som har gjeve dine fiendar ¬i di hand!» Så gav Abram han tiend av alt.

21. Kongen i Sodoma sa til Abram: «Gjev meg folket, og ta du godset!»

22. Men Abram svara: «Eg retter opp handa til Herren, Den Høgste Gud, han som skapte himmel og jord:

23. Ikkje så mykje som ein tråd eller ei sandalreim tek eg imot av det som ditt er. Du skal ikkje ha det å seia at du gjorde Abram rik.

24. Eg vil berre ha att for den maten folket åt. Og så vil eg at dei mennene som var med meg, Aner, Esjkol og Mamre, skal få det dei har rett på.»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 14