Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 14:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. På den tid Amrafel var konge i Sinear, Arjok konge i Ellasar, Kedor-Laomer konge i Elam og Tidal konge over Gojim,

2. vart det ufred mellom desse kongane og Bera, kongen i Sodoma, Birsja, kongen i Gomorra, Sjinab, kongen i Adma, Sjemeber, kongen i Sebojim, og kongen i Bela, det som no heiter Soar.

3. Alle desse slo seg saman og drog til Siddim-dalen, der Saltsjøen er no.

4. Tolv år hadde dei stått under Kedor-Laomer, men i det trettande reiste dei seg mot han.

5. Og fjortande året kom Kedor-Laomer og dei kongane som var med han, og dei slo refaittane ved Asjterot-Karnajim, susittane ved Ham og emittane på Kirjatajim-sletta.

6. Horittane slo dei på Se’ir-fjella og forfylgde dei heilt til El-Paran, som ligg utmed øydemarka.

7. Så snudde dei og kom til Domskjelda, det er det same som Kadesj. Dei tok heile amalekittlandet og la under seg dei amorittane som budde i Haseson-Tamar.

8. Kongane i Sodoma, Gomorra, Adma, Sebojim og Bela, som no heiter Soar, tok ut og fylka seg til strid mot dei i Siddim-dalen,

9. mot Kedor-Laomer, kongen i Elam, Tidal, kongen over Gojim, Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar, fire kongar mot fem.

10. Men i Siddim-dalen var det fullt av jordbekgruver. Og då kongane i Sodoma og Gomorra laut røma, fall dei ned i gruvene. Dei som var att, rømde til fjells.

11. Så tok fiendane alt godset i Sodoma og Gomorra og all maten deira og drog bort.

12. Og dei tok med seg Lot, brorson til Abram, og alt det han åtte, og drog av stad. Lot budde i Sodoma.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 14