Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 13:11-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Og Lot valde seg ut heile Jordan-sletta og tok austetter. Såleis skildest dei frå einannan.

12. Abram vart buande i Kanaan, medan Lot slo seg ned i byane på sletta og flytte med telta sine heilt ned til Sodoma.

13. Men folket i Sodoma var vondt og synda groveleg mot Herren.

14. Herren sa til Abram etter at Lot hadde skilt lag med han: «Lyft augo og sjå deg ikring frå den staden der du står, mot nord og sør, mot aust og vest!

15. For heile det landet du ser, vil eg gje deg og di ætt for alltid.

16. Eg vil la ætta di verta som støvet på jorda. Kan nokon telja støvet på jorda, skal di ætt kunna teljast òg.

17. Stå opp og far gjennom landet, så langt og så breitt som det er! For deg vil eg gje det.»

18. Sidan flytte Abram ikring med telta sine. Han kom til eikelunden i Mamre ved Hebron. Der vart han buande, og der bygde han eit altar for Herren.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 13