Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 10:8-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Kusj fekk sonen Nimrod. Han var den fyrste som fekk stort velde på jorda.

9. Han vart ein veldig jeger for Herrens åsyn. Difor seier folk: «Som Nimrod, ein veldig jeger for Herrens åsyn.»

10. Fyrst rådde han over Babel, Erek, Akkad og Kalne i Sinear-landet.

11. Frå det landet fór han til Assur og bygde Ninive, Rehobot-Ir og Kalah

12. og Resen mellom Ninive og Kalah; det er den store byen.

13. Misrajim vart far til ludarane, anamarane, lehabarane, naftukarane,

14. patrusarane og kaslukarane, dei som filistarane har kome frå, og kaftorarane.

15. Kanaan vart far til Sidon – det var den fyrste sonen hans – og til Het.

16. Frå han er jebusittane òg ætta, og amorittane og girgasjittane,

17. hevittane, arkittane, sinittane,

18. arvadittane, semarittane og hamatittane. Sidan breidde kanaanearættene seg vidare ut.

19. Landegrensa åt kanaanearane gjekk frå Sidon til Gasa, når ein tek leia bort imot Gerar, og til Lesja, når ein tek leia bort imot Sodoma, Gomorra, Adma og Sebojim.

20. Dette var sønene til Kam, ætt for ætt og språk for språk, kvar i sitt land og sitt folkeslag.

21. Sem, eldste bror til Jafet, fekk òg born. Han vart ættefar til alle Eber-sønene.

22. Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud og Aram.

23. Sønene til Aram var Us, Hul, Geter og Masj.

24. Arpaksjad fekk sonen Sjelah, og Sjelah fekk sonen Eber.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 10