Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 10:5-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Frå dei har folka på kystane breitt seg ut i landa sine, kvart med sitt språk, ætt for ætt, folkeslag for folkeslag.

6. Sønene til Kam var Kusj, Misrajim, Put og Kanaan.

7. Sønene til Kusj var Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan.

8. Kusj fekk sonen Nimrod. Han var den fyrste som fekk stort velde på jorda.

9. Han vart ein veldig jeger for Herrens åsyn. Difor seier folk: «Som Nimrod, ein veldig jeger for Herrens åsyn.»

10. Fyrst rådde han over Babel, Erek, Akkad og Kalne i Sinear-landet.

11. Frå det landet fór han til Assur og bygde Ninive, Rehobot-Ir og Kalah

12. og Resen mellom Ninive og Kalah; det er den store byen.

13. Misrajim vart far til ludarane, anamarane, lehabarane, naftukarane,

14. patrusarane og kaslukarane, dei som filistarane har kome frå, og kaftorarane.

15. Kanaan vart far til Sidon – det var den fyrste sonen hans – og til Het.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 10