Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 1:9-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Då sa Gud: «Vatnet under himmelen skal samla seg på ein stad, så det faste landet kjem til synes!» Og det vart så.

10. Gud kalla det faste landet jord, og vatnet som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg at det var godt.

11. Då sa Gud: «Jorda skal la grøne vokstrar gro fram, planter som set frø, og tre som ber alle slag frukt med frø i, på jorda!» Og det vart så.

12. Jorda bar fram grøne vokstrar, planter som set frø, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med frø i, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt.

13. Og det vart kveld, og det vart morgon, tredje dagen.

14. Då sa Gud: «Det skal verta ljos på himmelkvelven. Dei skal skilja mellom dag og natt og vera merke på høgtider, dagar og år.

15. Dei skal skina på kvelven og lysa ut over jorda.» Og det vart så.

16. Gud skapte dei to store ljosa, det største til å råda om dagen og det minste til å råda om natta, og stjernene.

17. Gud sette dei på himmelkvelven til å lysa ut over jorda,

18. til å råda om dagen og natta og til å skilja ljoset frå mørkret. Og Gud såg at det var godt.

19. Og det vart kveld, og det vart morgon, fjerde dagen.

20. Då sa Gud: «Det skal yrja med liv i vatnet, og fuglar skal flyga over jorda, oppunder himmelkvelven.»

21. Så skapte Gud dei store sjødyra og alt liv som det yr og kryr av i vatnet, kvart etter sitt slag, og alle dyr som har venger å flyga med, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt.

22. Han velsigna dei og sa: «De skal veksa og aukast og fylla vatnet i havet, og fuglane skal aukast på jorda!»

Les hele kapitlet 1. Mosebok 1