Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Mosebok 1:19-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Og det vart kveld, og det vart morgon, fjerde dagen.

20. Då sa Gud: «Det skal yrja med liv i vatnet, og fuglar skal flyga over jorda, oppunder himmelkvelven.»

21. Så skapte Gud dei store sjødyra og alt liv som det yr og kryr av i vatnet, kvart etter sitt slag, og alle dyr som har venger å flyga med, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt.

22. Han velsigna dei og sa: «De skal veksa og aukast og fylla vatnet i havet, og fuglane skal aukast på jorda!»

23. Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen.

24. Då sa Gud: «Jorda skal la alle slag levande skapningar gå fram, fe, kryp og villdyr, kvar etter sitt slag.» Og det vart så.

25. Gud skapte alle slag ville dyr og alle slag fe og krypet på marka av alle slag. Og Gud såg at det var godt.

26. Då sa Gud: «Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.»

27. Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei.

28. Og Gud velsigna dei og sa til dei: «De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!»

29. Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk.

30. Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde.» Og det vart så.

31. Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

Les hele kapitlet 1. Mosebok 1