Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 7:13-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Sønene til Naftali var Jaksiel, Guni, Jeser og Sjallum; dei var sønene hennar Bilha.

14. Son til Manasse var Asriel, som han fekk med den arameiske fylgjekona si. Ho fekk ein son til, Makir, som vart far til Gilead.

15. Makir tok ei syster åt Huppim og Sjuppim til kone; ho heitte Ma’aka. Den andre sonen heitte Selofhad. Han hadde berre døtrer.

16. Ma’aka, kona til Makir, fekk ein son som ho kalla Peres. Bror hans heitte Sjeresj, og sønene hans var Ulam og Rekem.

17. Son til Ulam var Bedan. Dette var sønene til Gilead, son til Makir, som var son til Manasse.

18. Han hadde ei syster som heitte Hammoleket; ho fekk sønene Isjhod, Abieser og Makla.

19. Sønene til Sjemida var Akjan, Sikem, Likhi og Aniam.

20. Son til Efraim var Sjutelak, hans son Bered, hans son Tahat, hans son Elada, hans son Taham

21. og hans son Sabad. Forutan Sjutelak hadde Efraim sønene Eser og Elad. Dei vart drepne av nokre menn frå Gat som var fødde der i landet, då dei kom dit ned og ville rana feet deira.

22. Efraim, far deira, syrgde i lang tid, og brørne hans kom og ville trøysta han.

23. Sidan låg han med kona si, og ho vart med barn. Ho fekk ein son og kalla han Beria, fordi dette hende medan det var ulukke i huset.

24. Dotter hans heitte Sje’era. Ho bygde Nedre og Øvre Bet-Horon og Ussen-Sje’era.

25. Hans son var Refah, hans son Resjef, hans son Telah, hans son Tahan,

26. hans son Ladan, hans son Ammihud, hans son Elisjama,

27. hans son Nun og hans son Josva.

28. Dei byane som Efraims-sønene åtte og budde i, var Betel med landsbyane som høyrde til, og i aust Na’aran, i vest Geser med landsbyar, og så Sikem med landsbyar, heilt til Ajja og landsbyane der ikring.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 7