Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 7:1-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Jissakar hadde fire søner: Tola, Pua, Jasjub og Sjimron.

2. Sønene til Tola var Ussi, Refaja, Jeriel, Jakmai, Jibsam og Samuel. Dei var hovdingar for Tola-ættene og djerve krigarar. På Davids tid var dei, etter ættelistene deira, tjueto tusen seks hundre i talet.

3. Sonen til Ussi var Jisrakja og sønene til Jisrakja Mikael, Obadja, Joel og Jisjia; alle fem var dei ættehovdingar.

4. Til kvar ætt høyrde, etter ættelistene deira, flokkar av krigarar, trettiseks tusen; for dei hadde mange koner og born.

5. Brørne deira i alle Jissakars-ættene var òg djerve krigarar. I alt stod det åttisju tusen mann i ættelistene deira.

6. Benjamin hadde tre søner: Bela, Beker og Jediael.

7. Sønene til Bela var Esbon, Ussi, Ussiel, Jerimot og Iri, fem i talet. Dei var ættehovdingar og djerve krigarar. I ættelistene deira stod det tjueto tusen og trettifire mann.

8. Sønene til Beker var Semira, Joasj, Elieser, Eljoenai, Omri, Jeremot, Abia, Anatot og Alemet. Alle desse var sønene til Beker.

9. I ættelistene deira stod det tjue tusen to hundre mann, ættehovdingar og djerve krigarar.

10. Sonen til Jediael var Bilhan, og sønene hans var Je’usj, Benjamin, Ehud, Kena’ana, Setan, Tarsis og Akisjahar.

11. Alle desse var sønene til Jediael, ættehovdingar og djerve krigarar, sytten tusen to hundre mann som var budde til å fara i hærferd.

12. Sjuppim og Huppim var sønene til Ir, og Husjim var son til Aker.

13. Sønene til Naftali var Jaksiel, Guni, Jeser og Sjallum; dei var sønene hennar Bilha.

14. Son til Manasse var Asriel, som han fekk med den arameiske fylgjekona si. Ho fekk ein son til, Makir, som vart far til Gilead.

15. Makir tok ei syster åt Huppim og Sjuppim til kone; ho heitte Ma’aka. Den andre sonen heitte Selofhad. Han hadde berre døtrer.

16. Ma’aka, kona til Makir, fekk ein son som ho kalla Peres. Bror hans heitte Sjeresj, og sønene hans var Ulam og Rekem.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 7