Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 6:61-76 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

61. Dei andre Kehat-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting ti byar frå Efraims-ætta, Dans-ætta og halve Manasse-ætta.

62. Gersjom-sønene, ætt for ætt, fekk tretten byar frå Jissakars-ætta, Asjers-ætta, Naftali-ætta og Manasse-ætta i Basan.

63. Merari-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting tolv byar frå Rubens-ætta, Gads-ætta og Sebulons-ætta.

64. Desse byane og beitemarkene som høyrde til, gav israelittane levittane.

65. Dei kasta lodd om desse byane i Juda, Simeon og Benjamin, som dei nemnde med namn, og gav dei til levittane.

66. Dei andre Kehat-ættene fekk desse byane av Efraims-ætta:

67. fristadene Sikem i Efraims-fjella med beitemarker og Geser med beitemarker,

68. Jokmeam og Bet-Horon med beitemarker,

69. Ajjalon og Gat-Rimmon med beitemarker,

70. og av den eine halvparten av Manasse-ætta Aner og Bileam med dei beitemarkene som høyrde til. Dette var det den andre Kehat-ætta fekk.

71. Gersjom-sønene, ætt for ætt, fekk av den andre halvparten av Manasse-ætta Golan i Basan og Asjtarot med beitemarker;

72. av Jissakars-ætta Kedesj og Daberat med beitemarker,

73. Ramot og Anem med beitemarker;

74. av Asjers-ætta Masjal og Abdon med beitemarker,

75. Hukok og Rehob med beitemarker;

76. og av Naftali-ætta Kedesj i Galilea, Hammon og Kirjatajim med beitemarker.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 6