Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 6:58-65 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

58. Hilen og Debir med beitemarker,

59. Asjan og Bet-Sjemesj med beitemarker,

60. og frå Benjamins-ætta Geba, Alemet og Anatot med beitemarker. Det var i alt tretten byar, og kvar ætt fekk sin by.

61. Dei andre Kehat-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting ti byar frå Efraims-ætta, Dans-ætta og halve Manasse-ætta.

62. Gersjom-sønene, ætt for ætt, fekk tretten byar frå Jissakars-ætta, Asjers-ætta, Naftali-ætta og Manasse-ætta i Basan.

63. Merari-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting tolv byar frå Rubens-ætta, Gads-ætta og Sebulons-ætta.

64. Desse byane og beitemarkene som høyrde til, gav israelittane levittane.

65. Dei kasta lodd om desse byane i Juda, Simeon og Benjamin, som dei nemnde med namn, og gav dei til levittane.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 6