Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 5:14-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Desse var sønene til Abihajil, son til Huri, son til Jaroah, son til Gilead, son til Mikael, son til Jesjisjai, son til Jakdo, som var son til Bus.

15. Aki, son til Abdiel Gunison, var hovding for ættgreinene deira.

16. Dei budde i Gilead og Basan og i småbyane der ikring, og på alle beitemarkene i Saron, så langt dei rakk.

17. Dei vart alle oppskrivne i ættelister på den tid Jotam var konge i Juda og Jeroboam konge i Israel.

18. Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta var djerve menn, som bar skjold og sverd, spente boge og var opplærte til krig. Dei var 44 760 våpenføre menn.

19. Dei gjekk til strid mot hagrittane, Jetur, Nafisj og Nodab

20. og fekk hjelp mot dei, så hagrittane og alle som var i lag med dei, laut gje seg i deira vald. For dei ropa til Gud i striden, og han høyrde bøna deira, fordi dei sette si lit til han.

21. Dei tok med seg feet åt fienden: femti tusen kamelar, to hundre og femti tusen sauer, to tusen esel, og dessutan hundre tusen menn og kvinner.

22. Det hadde vore eit stort mannefall; for denne krigen var frå Gud. Sidan budde dei der i landet heilt til dei laut fara i fangenskap.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 5