Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 5:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sønene til Ruben, eldste son til Israel. Ruben var den eldste; men då han vanæra lega åt far sin, fekk Josef Israelsson, bror hans, odelsretten, endå han ikkje var oppskriven som den eldste i ættelistene.

2. For Juda var den mektigaste mellom brørne, og frå han skulle fyrsten koma. Men Josef hadde odelsretten.

3. Sønene til Ruben, eldste son til Israel, var Hanok, Pallu, Hesron og Karmi.

4. Son til Joel var Sjemaja, hans son var Gog og hans son Sjimi.

5. Hans son var Mika, hans son Reaja og hans son Ba’al.

6. Hans son var Be’era, som Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, tok til fange og førte bort. Han var hovding for Rubens-sønene.

7. Brørne hans, ætt for ætt, som dei stod oppskrivne i ættelistene, var Je’iel, hovdingen, Sakarja

8. og Bela, son til Asas, som var son til Sjema Joelsson.Rubens-sønene budde i Aroer og heilt til Nebo og Ba’al-Meon.

9. I aust nådde bustadene deira bort imot den øydemarka som ligg hitanfor Eufrat. For feet deira hadde auka sterkt i Gilead.

10. I Sauls dagar førte dei krig med hagrittane og la dei under seg. Sidan slo dei seg ned i telta deira langsmed heile austsida av Gilead.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 5