Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 3:1-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er dei sønene som David fekk i Hebron: Den fyrste son sin, Amnon, fekk han med Akinoam frå Jisre’el. Den andre, Daniel, fekk han med Abigajil frå Karmel.

2. Den tredje, Absalom, var son til Ma’aka, dotter til Talmai, kongen i Gesjur. Den fjerde, Adonja, var son til Haggit.

3. Den femte, Sjefatja, fekk han med Abital, og den sjette, Jitream, med kona si, Egla.

4. Desse seks sønene fekk han i Hebron, der han styrte i sju år og seks månader. I Jerusalem styrte han i trettitre år.

5. Dette er dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjima, Sjobab, Natan og Salomo – desse fire fekk han med Batseba, dotter til Ammiel –

6. Jibhar, Elisjua, Elifelet,

7. Nogah, Nefeg, Jafia,

8. Elisjama, Eljada og Elifelet, ni i talet.

9. Alle desse var sønene til David. Dessutan hadde han søner med fylgjekonene sine. Og Tamar var syster deira.

10. Son til Salomo var Rehabeam, hans son Abia, hans son Asa og hans son Josjafat.

11. Hans son var Joram, hans son Akasja og hans son Joasj.

12. Hans son var Amasja, hans son Asarja og hans son Jotam.

13. Hans son var Akas, hans son Hiskia og hans son Manasse.

14. Hans son var Amon og hans son Josjia.

15. Av sønene til Josjia heitte den eldste Johanan, den andre Jojakim, den tredje Sidkia og den fjerde Sjallum.

16. Sønene til Jojakim var Jekonja og Sidkia.

17. Sønene til Jekonja, han som levde i fangenskap, var Sjealtiel,

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 3