Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 28:8-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. No står eg her som heile Israel, Herrens lyd, ser meg, og vår Gud høyrer meg, og eg seier: Hald alle boda som Herren dykkar Gud har gjeve dykk, og granska dei vel! Då skal de få eiga dette gode landet og la det gå i arv til etterkomarane dykkar i all framtid.

9. Og du, Salomo, son min, sjå til at du lærer å kjenna Gud åt far din, og ten han av eit heilt hjarta og ein viljug hug! For Herren ransakar kvart hjarta og kjenner kvar tanke som stig opp i det. Dersom du søkjer Herren, lagar han det så at du finn han. Men vender du deg frå han, støyter han deg bort for alltid.

10. Ta deg i vare! For Herren har valt deg ut til å byggja hans hus og heilagdom. Ver modig og gå til verket!

11. Så gav David Salomo, son sin, ei teikning av forhalla og tempelbygningane, av skattkammera, loftsroma, dei indre kammera og romet for soningsstaden,

12. og ei teikning av alt det han elles hadde i tankar: føregardane til Herrens hus og alle sideroma rundt ikring. Der skulle tempelskattane og dei heilage gåvene liggja,

13. og der skulle preste- og levittskifta halda til. I desse roma skulle dei gjera alt arbeid som trongst for tenesta i Herrens hus, og setja inn alle kara som vart nytta i gudstenesta.

14. David gav opp vekta på gullet til dei gullkara som skulle nyttast i kvar einskild gudsteneste, og like eins vekta på sølvet til alle sølvkara.

15. Han gav òg opp vekta på gull-ljosestakane og gull-lampene som høyrde til, vekta på kvar einskild stake med tilhøyrande lamper, og på sølvljosestakane med lampene som høyrde til, i samsvar med det kvar stake skulle brukast til i gudstenesta,

16. like eins vekta på gullet til skodebrødsborda, kvart bord for seg, og på sølvet til sølvborda,

17. vekta på gaflane, offerskålene og kannene av reint gull, på gullstaupa og sølvstaupa, kvart staup for seg,

18. og vekta på røykjelsesaltaret, som skulle vera av reinsa gull. Han gav òg ei teikning av vogna, det vil seia gullkjerubane som held vengene utbreidde, og vernar Herrens paktkiste.

19. Alt dette stod i eit skrift frå Herrens eiga hand, og der gjorde han det klårt for David korleis alt skulle lagast etter teikninga.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 28