Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 28:17-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. vekta på gaflane, offerskålene og kannene av reint gull, på gullstaupa og sølvstaupa, kvart staup for seg,

18. og vekta på røykjelsesaltaret, som skulle vera av reinsa gull. Han gav òg ei teikning av vogna, det vil seia gullkjerubane som held vengene utbreidde, og vernar Herrens paktkiste.

19. Alt dette stod i eit skrift frå Herrens eiga hand, og der gjorde han det klårt for David korleis alt skulle lagast etter teikninga.

20. Så sa David til Salomo, son sin: Ver modig og sterk, og gå til verket! Ver ikkje redd, og miss ikkje motet! For Herren Gud, min Gud, er med deg. Han slepper deg ikkje og går ikkje frå deg før du har fullført alt det som skal gjerast for tenesta i Herrens hus.

21. Sjå, her er preste- og levittskifta, som skal stå for tenesta i Guds hus. Og det er folk hjå deg som har både vilje og evne til å gjera allslags arbeid. Dessutan er hovdingane og heile folket budde til å gjera alt det du seier.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 28