Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 28:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så samla David alle Israels hovdingar i Jerusalem, ættehovdingane, førarane for dei hærflokkane som var i teneste hjå kongen, tusenmannsførarane og hundremannsførarane, dei stormennene som hadde tilsyn med all eigedomen og buskapen åt kongen og sønene hans, og like eins hoffmennene, kjempene og alle dei andre gjæve mennene.

2. Og kong David reiste seg frå høgsetet sitt og sa:Høyr på meg, brørne mine og folket mitt! Eg hadde tenkt å byggja eit hus til kvilestad for Herrens paktkiste, for fotskammelen åt vår Gud. Og eg tok til å førebu bygginga.

3. Men Gud sa til meg: «Du skal ikkje byggja eit hus for namnet mitt; for du er ein krigar som har rent ut blod.»

4. Herren, Israels Gud, har av heile farshuset mitt valt meg til å vera konge over Israel for alltid. For det var Juda han hadde kåra til å vera den leiande ætta, og innanfor Juda farshuset mitt. Og mellom sønene åt far min heldt han meg gjævast og gjorde meg til konge over heile Israel.

5. Og av alle sønene mine – for Herren har gjeve meg mange søner – har han valt ut Salomo til å sitja på Herrens kongsstol og råda over Israel.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 28