Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 26:26-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Denne Sjelomot og brørne hans hadde tilsyn med skattane som var vigde til Herren, dei heilage gåvene som dei hadde gjeve, både kong David og ættehovdingane mellom tusenmannsførarane, hundremannsførarane og dei andre hærførarane.

27. Av det hærfanget dei tok i krigen, hadde dei vigt noko, så Herrens hus kunne haldast i stand.

28. Og alt det som Samuel, sjåaren, Saul, son til Kisj, Abner, son til Ner, og Joab, son til Seruja, hadde vigt – alle dei heilage gåvene hadde Sjelomot og brørne hans tilsyn med.

29. Av Jishar-ætta vart Kenanja og sønene hans sette til å ta seg av dei verdslege gjeremåla i Israel; dei skulle vera tilsynsmenn og domarar.

30. På vestsida av Jordan var Hasjabja og brørne hans av Hebron-ætta, eitt tusen sju hundre dugande menn, sette til å stå for alt som høyrde med til Herrens gjerning og kongens teneste i Israel.

31. Til Hebron-ætta høyrde Jeria, som var hovding for ættene og ættgreinene åt Hebron-sønene. I det førtiande styringsåret åt David vart det røkt etter, og då synte det seg at det fanst dugande stridsmenn mellom dei i Jaser i Gilead.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 26