Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 23:23-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Sønene til Musji var Makli, Eder og Jeremot, tre i talet.

24. Dette var Levi-sønene, kvar ættgrein for seg, alle ættehovdingane som vart talde og nemnde med namn, ein for ein. Dei var det som stelte med tenesta i Herrens hus, og det gjorde dei frå tjueårsalderen og oppover.

25. David sa: «No har Herren, Israels Gud, gjeve folket sitt ro og vil bu i Jerusalem til evig tid.

26. Difor treng ikkje levittane bera teltet meir, eller noko av alt det som høyrer med til tenesta der.»

27. For det var etter dei siste føresegnene frå David at det vart halde manntal over levittane, så mange som var tjue år eller meir.

28. Det dei fekk i oppgåve, var å hjelpa Arons-sønene med tenesta i Herrens hus. Dei skulle ha tilsyn med føregardane og sideroma, syta for at alt det heilage vart halde reint, og greia alt arbeid som fylgde med tenesta i Guds hus –

29. stella med skodebrøda, kveitemjølet til grødeofferet og dei usyrte brødleivane, med det som vert steikt på helle, og med deigen som vert knadd; dei skulle òg sjå etter alle mål, både holmål og lengdemål.

30. Kvar morgon skulle dei stå og lova og prisa Herren, og like eins kvar kveld.

31. Dei skulle hjelpa til kvar gong det vart frambore brennoffer for Herren, på sabbatane, nymånedagane og høgtidene. Så ofte som fastsett var, skulle dei stiga fram for Herren.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 23