Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 23:20-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Av Ussiel-sønene var Mika hovding, og så kom Jisjia.

21. Merari-sønene var Makli og Musji. Sønene til Makli var Elasar og Kisj.

22. Då Elasar døydde, var det ingen søner etter han, berre døtrer; dei gifte seg med frendane sine, sønene til Kisj.

23. Sønene til Musji var Makli, Eder og Jeremot, tre i talet.

24. Dette var Levi-sønene, kvar ættgrein for seg, alle ættehovdingane som vart talde og nemnde med namn, ein for ein. Dei var det som stelte med tenesta i Herrens hus, og det gjorde dei frå tjueårsalderen og oppover.

25. David sa: «No har Herren, Israels Gud, gjeve folket sitt ro og vil bu i Jerusalem til evig tid.

26. Difor treng ikkje levittane bera teltet meir, eller noko av alt det som høyrer med til tenesta der.»

27. For det var etter dei siste føresegnene frå David at det vart halde manntal over levittane, så mange som var tjue år eller meir.

28. Det dei fekk i oppgåve, var å hjelpa Arons-sønene med tenesta i Herrens hus. Dei skulle ha tilsyn med føregardane og sideroma, syta for at alt det heilage vart halde reint, og greia alt arbeid som fylgde med tenesta i Guds hus –

29. stella med skodebrøda, kveitemjølet til grødeofferet og dei usyrte brødleivane, med det som vert steikt på helle, og med deigen som vert knadd; dei skulle òg sjå etter alle mål, både holmål og lengdemål.

30. Kvar morgon skulle dei stå og lova og prisa Herren, og like eins kvar kveld.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 23