Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 23:1-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då David var gamal og mett av dagar, sette han Salomo, son sin, til konge over Israel.

2. Så kalla han saman alle hovdingane i Israel og prestane og levittane.

3. Det vart halde manntal over levittane, så mange som var tretti år eller meir, og talet på menn var trettiåtte tusen.

4. Kongen sa: «Av desse skal tjuefire tusen stå for arbeidet på Herrens hus, og seks tusen skal vera tilsynsmenn og domarar.

5. Fire tusen skal vakta dørene, og fire tusen skal lovsyngja Herren til tonar frå dei instrument som eg har fått laga til bruk ved lovsongen.»

6. David delte dei inn i skift etter Levi-sønene Gersjon, Kehat og Merari.

7. Til Gersjon-sønene høyrde Ladan og Sjimi.

8. Sønene til Ladan var Jehiel, som var hovding, og Setam og Joel, tre i talet.

9. Sønene til Sjimi var Sjelomot, Hasiel og Haran, tre i talet. Det var hovdingane i Ladan-ættene.

10. Sønene til Sjimi var Jahat, Sisa, Je’usj og Beria. Det var Sjimi-sønene, fire i talet.

11. Jahat var hovding, så kom Sisa. Je’usj og Beria hadde ikkje mange søner; difor vart dei rekna for ei ættgrein, eitt yrkeslag.

12. Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel, fire i talet.

13. Sønene til Amram var Aron og Moses. Aron vart utskild, så han og sønene hans til alle tider skulle vigsla dei høgheilage tinga, bera fram offer for Herren og lysa velsigning i hans namn til evig tid.

14. Men sønene til Moses, gudsmannen, skulle reknast til Levi-ætta.

15. Sønene hans var Gersjom og Elieser.

16. Gersjom hadde sonen Sjubael, som var hovding.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 23