Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 21:8-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Då sa David til Gud: «Eg synda storleg då eg gjorde dette. Men tilgjev no, Herre, misgjerninga mi! For eg har bore meg fælt uvitug åt.»

9. Men Herren tala til Gad, sjåaren åt David, og sa:

10. «Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, så skal eg gjera det du vil.»

11. Så gjekk Gad til David og sa til han: «Så seier Herren: No kan du velja,

12. anten naud og svolt i tre år, eller at du må røma for fiendane dine i tre månader utan at du kjem deg unna sverdet deira, eller at pesten, Herrens sverd, fer over landet i tre dagar, og Herrens engel herjar i heile Israels-riket. Tenk no etter kva eg skal svara han som har sendt meg.»

13. David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat meg då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.»

14. Så lét Herren ein pest koma over Israel, og det døydde sytti tusen mann av folket.

15. Gud sende ein engel til Jerusalem for å øydeleggja byen. Men då han heldt på med øydinga, såg Herren det. Då angra Herren på den ulukka han hadde sendt, og sa til engelen som herja: «Det er nok! Ta no handa til deg att!» Herrens engel stod då på treskjevollen til jebusitten Ornan.

16. Då David såg opp, fekk han auga på Herrens engel, som stod mellom himmel og jord med eit drege sverd i handa og rette det ut mot Jerusalem. Då kasta både David og dei eldste seg til jorda, kledde i botsdrakt.

17. Og David sa til Gud: «Å, eg som ville at folket skulle teljast! Det er eg som har synda og bore meg ille åt. Men desse som eg er hyrding for, kva vondt har dei gjort? Herre, min Gud, lat handa di råma meg og ætta mi, men spar folket ditt for pesten!»

18. Då sa Herrens engel til Gad at han skulle be David gå opp til treskjevollen åt jebusitten Ornan og reisa eit altar for Herren der.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 21