Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 21:20-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Ornan heldt nett på og treskte kveite. Då han snudde seg, fekk han sjå engelen, og dei fire sønene som var med han, gøymde seg.

21. Som no David kom fram, såg Ornan opp og vart var kongen. Då gjekk han bort frå treskjevollen og kasta seg ned for David med andletet mot jorda.

22. Og David sa til han: «Lat meg få treskjevollen din, så eg kan byggja eit altar for Herren der. Lat meg få han for full pris, så folket kan friast for pesten.»

23. Då sa Ornan til David: «Ta du vollen, herre konge, og gjer det du tykkjer er best. Sjå, her gjev eg deg oksane til brennoffer, treskjesledane til ved og kveiten til grødeoffer. Alt dette skal vera ei gåve frå meg.»

24. Men kongen svara: «Nei, eg vil kjøpa det for full pris. Eg vil ikkje ta det som ditt er, og gje det til Herren. Eg vil ikkje bera fram brennoffer som eg har fått for inkje.»

25. Så vog David opp seks hundre sekel gull og gav Ornan for treskjevollen.

26. Han bygde eit altar for Herren der, og bar fram brennoffer og måltidsoffer og ropa til Herren. Og Herren svara han med eld som kom frå himmelen og fór ned på brennofferaltaret.

27. Så sa Herren til engelen at han skulle stikka sverdet sitt i slira att.

28. Då David såg at Herren hadde høyrt bøna hans på treskjevollen åt jebusitten Ornan, ofra han der.

29. Herrens møtetelt, som Moses hadde fått laga i øydemarka, og brennofferaltaret stod den gongen på haugen i Gibeon.

30. Men David torde ikkje gå dit og søkja Gud, så redd var han for sverdet åt Herrens engel.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 21