Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 21:15-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Gud sende ein engel til Jerusalem for å øydeleggja byen. Men då han heldt på med øydinga, såg Herren det. Då angra Herren på den ulukka han hadde sendt, og sa til engelen som herja: «Det er nok! Ta no handa til deg att!» Herrens engel stod då på treskjevollen til jebusitten Ornan.

16. Då David såg opp, fekk han auga på Herrens engel, som stod mellom himmel og jord med eit drege sverd i handa og rette det ut mot Jerusalem. Då kasta både David og dei eldste seg til jorda, kledde i botsdrakt.

17. Og David sa til Gud: «Å, eg som ville at folket skulle teljast! Det er eg som har synda og bore meg ille åt. Men desse som eg er hyrding for, kva vondt har dei gjort? Herre, min Gud, lat handa di råma meg og ætta mi, men spar folket ditt for pesten!»

18. Då sa Herrens engel til Gad at han skulle be David gå opp til treskjevollen åt jebusitten Ornan og reisa eit altar for Herren der.

19. Så gjekk David dit, som Gad hadde sagt i Herrens namn.

20. Ornan heldt nett på og treskte kveite. Då han snudde seg, fekk han sjå engelen, og dei fire sønene som var med han, gøymde seg.

21. Som no David kom fram, såg Ornan opp og vart var kongen. Då gjekk han bort frå treskjevollen og kasta seg ned for David med andletet mot jorda.

22. Og David sa til han: «Lat meg få treskjevollen din, så eg kan byggja eit altar for Herren der. Lat meg få han for full pris, så folket kan friast for pesten.»

23. Då sa Ornan til David: «Ta du vollen, herre konge, og gjer det du tykkjer er best. Sjå, her gjev eg deg oksane til brennoffer, treskjesledane til ved og kveiten til grødeoffer. Alt dette skal vera ei gåve frå meg.»

24. Men kongen svara: «Nei, eg vil kjøpa det for full pris. Eg vil ikkje ta det som ditt er, og gje det til Herren. Eg vil ikkje bera fram brennoffer som eg har fått for inkje.»

25. Så vog David opp seks hundre sekel gull og gav Ornan for treskjevollen.

26. Han bygde eit altar for Herren der, og bar fram brennoffer og måltidsoffer og ropa til Herren. Og Herren svara han med eld som kom frå himmelen og fór ned på brennofferaltaret.

27. Så sa Herren til engelen at han skulle stikka sverdet sitt i slira att.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 21