Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 2:47-55 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

47. Sønene til Jodai var Regem, Jotam, Gesjan, Pelet, Efa og Sja’af.

48. Ma’aka, fylgjekona til Kaleb, fekk sønene Sjeber og Tirhana.

49. Ho fekk òg sonen Sja’af, som vart far til Madmanna, og Sjeva, som vart far til Makbena og Gibea. Kaleb hadde ei dotter òg; ho heitte Aksa.

50. Dette var sønene til Kaleb.Hur, eldste son til Efrata, fekk sønene Sjobal, far til Kirjat-Jearim,

51. Salma, far til Betlehem, og Haref, far til Betgader.

52. Sjobal, far til Kirjat-Jearim, fekk sonen Reaja og vart far til halve Manahat-ætta.

53. Kirjat-Jearim-ættene var Jeter-sønene, Put-sønene, Sjuma-sønene og Misjra-sønene. Frå dei er folket i Sora og Esjta’ol ætta.

54. Etterkomarane etter Salma var Betlehem, Netofa-ætta, Atrot-Bet-Joab, den andre halvparten av Manahat-ætta og Sora-ætta.

55. Dei ættene av Sefer-sønene som budde i Jabes, var Tira-sønene, Sjima-sønene og Suka-sønene. Dette er dei kinittane som kom frå Hammat, far til Rekab-ætta.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 2