Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 2:23-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Men Gesjur og Aram tok frå dei teltbyane deira og Kenat med småbyane ikring, i alt seksti byar. Alle desse hadde sønene til Makir, far til Gilead, ått.

24. Etter at Hesron var død, levde Kaleb saman med Efrat, som hadde vore gift med far hans, og med henne fekk han sonen Asjkur, far til Tekoa.

25. Jerakme’el, eldste son til Hesron, hadde sønene Ram, som han fekk fyrst, og Buna, Oren, Osem og Akia.

26. Men Jerakme’el hadde ei anna kone òg, som heitte Atara. Ho vart mor til Onam.

27. Ram, eldste son til Jerakme’el, hadde sønene Ma’as, Jamin og Eker.

28. Sønene til Onam var Sjammai og Jada, og sønene til Sjammai var Nadab og Abisjur.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 2