Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 2:12-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Boas fekk sonen Obed, og Obed vart far til Isai.

13. Isai fekk sju søner. Den fyrste var Eliab, den andre Abinadab, den tredje Sjima,

14. den fjerde Netanel, den femte Raddai,

15. den sjette Osem og den sjuande David.

16. Systrene deira var Seruja og Abigajil. Seruja hadde tre søner, Absjai, Joab og Asael.

17. Abigajil fekk sonen Amasa. Far hans var ismaelitten Jeter.

18. Kaleb, son til Hesron, fekk med Asuba, kona si, dottera Jeriot og desse sønene: Jesjer, Sjobab og Ardon.

19. Då Asuba døydde, tok Kaleb Efrat til kone; med henne fekk han sonen Hur.

20. Hur fekk sonen Uri, og Uri vart far til Besalel.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 2