Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 17:16-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Då gjekk kong David inn og drygde lenge for Herrens åsyn og sa: Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mi ætt, sidan du har ført meg til denne dag?

17. Og endå var dette for lite for deg, Gud. Difor har du tala om ætta åt tenaren din langt fram i tida. Og du ser på meg som på ein mann av høg rang, Herre Gud.

18. Kva meir skal David seia til deg om den æra du har vist meg? Du kjenner då tenaren din.

19. Herre, for din tenar skuld og etter ditt eige hjarta har du gjort alt dette store og kunngjort så store ting.

20. Herre, det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt og spurt.

21. Og kvar finst det eit folk på jorda som Israel, folket ditt – eit folk som Gud sjølv kom og løyste ut og gjorde til sitt eige folk? Med storverk og under skapte du deg eit namn då du dreiv bort folkeslag for folket ditt, som du fria ut or Egypt.

22. Du sette Israel, folket ditt, til å vera ditt folk til evig tid; og du, Herre, vart deira Gud.

23. Så lat det no, Herre, stå ved lag for alltid, det ordet du har tala om tenaren din og ætta hans, og gjer som du har sagt!

24. Ja, lat det stå ved lag! Då skal namnet ditt vera stort til evig tid, så folk kjem til å seia: Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, han er Gud for Israel! Og ætta åt David, tenaren din, skal stå urikka for ditt åsyn.

25. For du, min Gud, har vitra tenaren din om at du vil byggja han eit hus. Difor har eg våga meg til å bera denne bøna fram for deg.

26. Ja, Herre, du er Gud, og du har gjeve tenaren din denne store lovnaden.

27. Så gjer då vel og velsigna ætta åt tenaren din, så ho alltid må stå urikka for ditt åsyn. For det som du velsignar, Herre, det er velsigna til evig tid.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 17