Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 17:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein dag David sat i huset sitt, sa han til profeten Natan: «Sjå, her bur eg i eit hus av sedertre, medan Herrens paktkiste står i eit telt.»

2. Natan svara: «Gjer alt det du har i tankar, for Gud er med deg.»

3. Men same natta kom Guds ord til Natan, og det lydde så:

4. «Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Du skal ikkje byggja det huset eg skal bu i.

5. Eg har då ikkje butt i hus heilt frå den tid eg førte israelittane hit opp, og til denne dag. Men eg har ferdast om frå telt til telt, frå bustad til bustad.

6. Har eg i all den tid eg ferdast ikring med israelittane, nokon gong sagt til ein av Israels domarar, som eg sette til å vakta folket mitt: Kvifor har de ikkje bygt meg eit hus av sedertre?

7. Og no skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg henta deg frå beitemarka der du fylgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt.

8. Eg var med deg kvar du gjekk, og rudde ut alle fiendane dine for deg. Og eg vil la deg vinna eit namn så stort som berre dei største på jorda har det.

9. Eg vil stella til ein bustad åt Israel, folket mitt, og planta dei der. Dei skal få bu i landet sitt og aldri verta uroa meir, og valdsmenn skal ikkje herja dei som i gamle dagar.

10. Såleis har det vore frå den tid eg sette domarar over Israel, folket mitt. Men eg tvinga alle fiendane dine under deg. Og no forkynner eg deg at Herren vil byggja eit hus åt deg.

11. Når tida di er ute, og du fer til fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp ein som er av di eiga ætt, ein av sønene dine, og eg vil grunnfesta kongedømet hans.

12. Han skal byggja eit hus åt meg, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid.

13. Eg vil vera far for han, og han skal vera son min. Mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med han som var før deg.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 17