Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 15:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sidan bygde kongen seg fleire hus i Davids-byen. Han stelte til ein stad åt Guds paktkiste og sette opp eit telt åt henne.

2. Den gongen sa David: «Ingen andre enn levittane må bera Guds paktkiste; for dei har Herren valt ut til å bera paktkista og til å tena han for alltid.»

3. Så samla David heile Israel i Jerusalem. Dei skulle vera med og føra Herrens paktkiste opp til den staden han hadde stelt til åt henne.

4. Og David kalla saman Arons-sønene og levittane:

5. av Kehat-sønene Uriel, den øvste, og brørne hans, 120 mann;

6. av Merari-sønene Asaja, den øvste, og brørne hans, 220 mann;

7. av Gersjom-sønene Joel, den øvste, og brørne hans, 130 mann;

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 15