Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 14:9-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Filistarane kom og spreidde seg ut over Refa’im-dalen.

10. Då spurde David Gud til råds: «Skal eg dra mot filistarane? Vil du gje dei i mine hender?» Og Herren svara: «Dra du; eg vil gje dei i dine hender.»

11. Så fór David til Ba’al-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: «Gud har brote igjennom fiendens rekkjer ved mi hand liksom vatn bryt igjennom ei demning.» Difor kallar dei den staden Ba’al-Perasim.

12. Der lét filistarane etter seg gudebileta sine, og David sa frå at dei skulle brennast.

13. Men filistarane kom att og spreidde seg ut over dalen.

14. Då spurde David Herren til råds ein gong til, og han svara: «Du skal ikkje fylgja rett etter dei, men ta ein omveg, så du kjem over dei midt for bakatrea.

15. Når du høyrer lyden av steg over tretoppane, skal du gå til strid. For då har Gud drege ut framføre deg og vil slå filistarane.»

16. David gjorde som Gud hadde sagt, og han slo filistarhæren og forfylgde dei frå Gibeon til Geser.

17. Gjetordet om David nådde ut til alle land, og Herren laga det så at alle folkeslag vart redde for han.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 14