Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 13:7-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Dei sette Guds kiste på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus. Det var Ussa og Akjo som køyrde vogna.

8. David og heile Israel dansa av all kraft for Herrens åsyn, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, cymblar og trompetar.

9. Men då dei kom til treskjevollen åt Kidon, rette Ussa ut handa og tok tak i paktkista, fordi oksane var ustyrlege.

10. Då vart Herren brennande harm på Ussa og slo han fordi han hadde rett ut handa mot paktkista, og han døydde der for Guds åsyn.

11. David vart oppøst fordi Herren hadde slege ned Ussa. Han kalla den staden Peres-Ussa, og det har han heitt til denne dag.

12. Den dagen vart David fylt med age for Herren og sa: «Korleis skulle eg kunna føra Guds paktkiste hit til meg?»

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 13