Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 13:10-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Då vart Herren brennande harm på Ussa og slo han fordi han hadde rett ut handa mot paktkista, og han døydde der for Guds åsyn.

11. David vart oppøst fordi Herren hadde slege ned Ussa. Han kalla den staden Peres-Ussa, og det har han heitt til denne dag.

12. Den dagen vart David fylt med age for Herren og sa: «Korleis skulle eg kunna føra Guds paktkiste hit til meg?»

13. Så tok han ikkje paktkista med seg til Davids-byen, men sette henne i huset åt Obed-Edom frå Gat.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 13